View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Blackkoz Vis innlegg
Da må det kanskje først bli et lovkrav å ha passord på et slikt dokument?

Hos oss er det ingen passord
Vis hele sitatet...
https://www.datatilsynet.no/personve...ng-lonnsslipp/

Så kort fortalt: det er krav til effektiv beskyttelse. Effektiv vil sei at tredjeparter ikkje enkelt skal få tilgang til informasjonen. Det kan t.d. vere at informasjonen vert overført innan eit nettverk databehandler har styringa på, og at tilgangen er autentisert. T.d. vil ei nettside, sikra med TLS og sterk autentisering vere heilt OK, og ein treng då ikkje kryptere dokumentet.

Men her er dokumentet kryptert, og då har åpenbart arbeidsgjevar konkludert med at dei må det for å oppfylle krava frå datatilsynet. Det er samtidig åpenbart at informasjon som er såpass lett å finne, neppe er god nok beskyttelse.

Forøvrig er det jo spennande å anta at fordi det vert gjort på ein måte hos deg, blackkoz, så er den måten lovleg.
Sist endret av vidarlo; 1. juli 2019 kl. 14:31. Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.