View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av 7kr8 Vis innlegg
Men att 5g ikke avgir stråling stemmer ikke. Det avgir MYE stråling.
Vis hele sitatet...
For det første er stråling eit uheldig begrep. Det skil ikkje mellom gammastråling, som er svært farlig, og radiobølger, som så vidt vi veit er totalt ufarleg.

For det andre må du kvantifisere kva som er mykje stråling. Sola bidreg jo til omlag 1kW/m^2 med elektromagnetisk stråling - altså stråling av samme type som 5G-sendaren, og i motsetning til f.eks. betastråling. Er det mykje stråling?

5G-sendaren har kanskje ein utgangseffekt på eit par kilowatt. På hundre meters avstand vert det forsvinnande lite, fordi strålinga avtar med kvadratet av avstanden. Tenk deg at du bygger eit kuleskal rundt sendaren, og fordeler effekten på heile kuleskalet. Det vert ikkje spesielt mykje.

Så samanlikna med sola er det ikkje mykje stråling. Og sola lager elektromagnetisk stråling som grensar mot det ioniserande, og som er bevist kreftframkallande. Frekvensen på spekteret frå sola er mange tusen gongar høgare frekvens på enn det frå 5G-senderen.

Du må og forklare korleis 5G skil seg vesentleg frå andre radioteknologier...
Sitat av 7kr8 Vis innlegg
Om du bruker en emf måler i nærheten av en 5g antenne, vil du se dette med egne øyner.
Vis hele sitatet...
Og så da? Kva er relevansen av det? Hugs og at måleapparat er ufatteleg sensitive; GPS-mottakaren din kan motta og dekode signal som er på godt under -100dBm.
Sitat av 7kr8 Vis innlegg
Det finnes utallige bevis på dette, og om mann har litt peiling på mikrobølge frekvenser så vil alt annet virke veldig dumt.
Vis hele sitatet...
Jo, men at du kan måle noko vil ikkje sei at det er helseskadeleg. Stuebordet mitt er to meter langt. Det betyr ikkje at det er helsefarleg å ha det i stua. Du må forklare relevansen.
Sitat av 7kr8 Vis innlegg
Att folk stoler blindt på ett program som folkeopplysningen skremmer meg. Etter min mening så har ikke det programmet mer pondus en de fleste flimsete fb linker.
Vis hele sitatet...
I motsetning til fjollete klipp uten klare kjeldetilvisninger, på nettsider som ville fått Julius Streicher til å innvende at det kanskje var litt vel åpenbart?