View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av sadhus Vis innlegg
Media har ikke gitt meg noen dekning i denne saken. Vi vet hvorfor. De får ikke lov av sine eiere.
Vis hele sitatet...
For det første er det eit prinsipp at redaksjonen skal vere uavhengig. Eigaren kan legge ytre rammer, men altså ikkje hindre ein redaktør i å skrive om legalisering.

For det andre er det jo blank løgn at media ikkje skriv om narkotikapolitikk. Dei etablerte partia fekk enorm dekning av eit lite punkt på landsmøta: oppmjuking av forbodslinja. Grunnen til at dei fekk det er at dei har reell påverknad på samfunnet.
Sitat av sadhus Vis innlegg
Hvis vi klarer å skape sensasjon her, at dere klarer å stemme meg inn på stortinget (jeg tror det er 15 000 stemmer som trengs), da vil det bli oppstyr. Da vil jeg få medias oppmerksomhet, når sensasjonen er et faktum; at det eneste partiet som har legalisering som første sak oppnår å komme inn på stortinget.
Vis hele sitatet...
Talet stemmer vil variere ut frå kor mange som møter opp. I 2013 var MDG siste partiet som fekk inn direktemandag, med rett i overkant av 19000 stemmer.
Sitat av sadhus Vis innlegg
Vi kan utrette store ting her. Jeg er klar til å ta trøkket, jeg håper på det. Jeg har allerede stått i stormen i 3 år nå med mine førerkortsaker. Jeg har allerede vunnet i lagmannsretten hvorpå politidirektoratet bare gjorde nytt vedtak, i stedet for å anke.
Vis hele sitatet...
Og all honnør for at du tok den kampen. Men det er ikkje spesielt plausibelt at samfunnspartiet kjem på tinget. Dei har ikkje partiorganisasjon, valkamp eller eit heilheitleg program.Samfunnspartiet fekk 295 stemmer, samla. Det er ikkje realistisk at det endrer seg radikalt. For å få til det må partiet begynne i motsatt ende - bygge parti- og valkamporganisasjon som faktisk kan informere om partiet. For samfunnspartiet gjer ikkje stort meir av seg enn å stille liste kvart fjerde år.

Om ein vil ha legalisering er nok betre måte å stemme på eit av dei partia som tek steg i retning av det, eller engasjere seg i dei andre demokratiske kanalane.