View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av vindaloo Vis innlegg
Jeg syntes i hvert fall at Hagens råd om at hun ikke burde gi fra seg regjeringsmakten sånn uten videre,
selv om det er rødgrønt flertall minnet om da Trump nektet å godta valgnederlaget til tross for at han tapte.
Vis hele sitatet...
Strengt tatt ikkje spesielt samanliknbart. Vi har ikkje positiv parlamentarisme i Noreg, dvs. at regjeringa sit inntil den må gå på mistillitsforslag. Den treng ikkje aktivt sikre seg fleirtal i stortinget. Det er stortinget som må uttrykke mistillit, såkalla negativ parlamentarisme.

Sedvane er jo at Stortinget slepp å votere etter val, fordi utgåande statsminister sjølv søkjer avskjed når eit alternativ er klart, men det ville forsåvidt vere fullstendig udramatisk om Solberg vart sittjande til stortinget vedtok mistillit.

Presidentvalet er eit direkte personval, i motsetning til statsministeren, så situasjonen er ikkje spesielt samanliknbar i utgangspunktet. Hagen forsøkte heller ikkje å fornekte valresultatet eller realitetane på tinget. Han beklager det, men han gir uttrykk for å godta det og.