View Single Post
Elitistisk dass
vidarlo's Avatar
Fordelen med kopar er at det er lett å bearbeide med enkle verkty, det er lett å lodde, og det er tilgjengeleg. Du får aldri temperaturer over 100°C i eit destillasjonsapparat som ikkje er trykksett, så smeltepunktet til kopar (som er over 1000°C om eg ikkje tar heilt feil) er irrelevant. Loddinga smelter uansett ved under halvparten av det.

Fordelen med SS316 er at det er så godt som inaktivt uansett kva det kjem i kontakt med, så du får svært lite kontaminering, og du kan reingjere det med kraftige, etsande, vaskemiddel, slik som lut. Til gjengjeld er det vanskeligare å bearbeide enn kopar, og må sveisast eller skruast.