Tråd: LED-tråden.
View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
En lysdiode krev, i motsetnad til ei tradisjonell lyspære, konstant straum. Denne straumen er det vanleg å avgrense med ein resistor i serie med lysdioden, slik at LED'en ikkje brenn opp.

For å finne denne serieresistoren må du vite kor mykje straum ein lysdiode krev, og kor stor spenning det ligg over den.

Nokon vanlege straumer og spenninger over LEDs:
  • Vanlig rød LED: 20mA @1.2-1.3V
  • Ultrabright blå LED: 30mA @ 2.8-3.2V (Sjekk datablad!)
Du kan bruke høgare straum enn oppgitt i databladet, men då går levetida drastisk ned.

For å finne resistansen du skal ha i serie, tar du så tilført spenning, og trekker ifra det som skal ligge over lysdioden. Så bruker du ohms lov for å finne resistansen.

Eksempel:

Rød lysdiode som treng 20mA, 1.2V. Tilført spenning er 12V. Resistoren blir då gitt av:
trinn 1: Finne spenninga over motstanden, altså tilført spenning minus spenninga over dioden:
Ut-Ud=12V-1.2V=10.8V

No veit vi at spenningsfallet over resistoren skal vere 10.8V, og den skal sleppe gjennom 20mA. Då nyttar vi ohms lov for å finne resistansen:
U=R*I => R=U/I=10.8V/0.02A=540 Ohm

Serieresistansen skal i dette tilfellet vere 540 Ohm.
NB: Hugs at straumen ofte er oppgitt i mA, men når du skal rekne ut resistansen må du ha straumen i ampere. Det du gjer då er å dele tal mA på tusen...
Sist endret av vidarlo; 16. oktober 2006 kl. 11:02.