View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Jerna Vis innlegg
Med dette ønsker jeg å si at jeg tror Norge kunne lent seg på atomvåpen teknologi i samme grad som israel, USA,Kina,Russland for å nevne noen i forbindelse med MAD (mutually assured destruction)
Vis hele sitatet...
Du må ha truverdig leveransemekanisme. På 1960-tallet var det ekstremt dyrt, og basically grunnen til at Sovjet skaut opp Sputnik i 1959. Sputnik var bevis på at dei kunne nå USA med raketter. USA satsa knallhardt på luftangrep, og hadde bombefly på vingene 24/7 nær Sovjet, i tilfelle krig.

No er truverdige leveransemekanismer relativt sett billegare enn dei var i 1950, men fortsatt dyrt - du må ha ein neve u-båter som kan patruljere til sjøs over tid slik at du alltid har flåte ute.

Det koster. Alvorleg mykje. Å framstille atomvåpen kunne truleg Noreg gjort på relativt kort tid utan alt for mykje oppstuss om vi ville, men leveransemekanismane ville ikkje vore trivielle i 1950.

Effektivt sett veit Russland at dei risikerer atomvåpen om dei angrip Noreg. Det er prinsippet bak NATO; eit angrep på eitt medlemsland er eit angrep på alle (artikkel 5). No kan ein diskutere kor reelt det er i alle situasjoner - men sovjetisk aggresjon mot Noreg under den kalde krigen hadde nok vorte tolka i den retninga av USA. Så effektivt sett var vi beskytta av amerikanske atomvåpen - eit angrep på Noreg vil trigge NATO-pakta sin artikkel 5.