Tråd: Vaksinepress?
View Single Post
Sitat av vidarlo Vis innlegg
Og grunnen er opplagt: dei har hatt alvorlege problem med låg oppslutning rundt vaksinen av ymse årsaker, og har difor ikkje greid å få ned sjukdomstala. Det er vaksinevegring som fører til slike tiltak.

Kven er dei enkelte? Og gitt at du innrømmer at det er eit mindretal, som enkelte må tolkast som, så er det vel ikkje stort problem? Det er heilt sikkert enkelte i Noreg som meiner unionsoppløysinga i 1905 var feil, og vil ha tilbake unionen...

Konformitet og tillit til myndigheitene er det som har gjort at Noreg i stor grad har komt svært godt gjennom situasjonen. Det har vore veldig lite tvangstiltak samanlikna med mange andre land, og veldig mykje anbefalingar. Med unntak av Oslo har det ikkje vore langsiktige totale nedstengingar i landet. Det har vi unngått fordi folk stortsett har helde seg til anbefalingane, og då treng ein ikkje bruke forbod for å oppnå ting.

Kva biverknader av vaksiner er det som melder seg på lang sikt ser du for deg? Vi har vaksinert i eit drøyt år med mRNA-vaksinene no, og så langt har vi ikkje oppdaga ting som kjem lenge i etterkant.

I tillegg er det svært ofte slik at bivirkningene frå vaksinen og kan komme frå viruset - ofte i større omfang. Igjen; ekspertar som har brukt årevis på å forske systematisk på vaksiner anbefaler unisont vaksiner. Kva grunnlag har du for å overprøve dei? Det er rimeleg arrogant standpunkt.

Vel, ja?

Kva vitenskapleg funderte syn er det som har vorte underkommunisert i denne konkrete saka?

At legemiddelbransjen har sine svin på skogen vil ikkje sei at moderne medisin ikkje fungerer. Kort sagt har vi omfattande dokumentasjon på at vaksinene fungerer og har langt færre skadevirkninger enn covid.

Jepp, og mange av dei jobbar i dei ulike landa sine smittevernsmyndigheiter. Merk at dei nær sagt unisont seier at vaksiner funker.

No er det relativt lettbeint formulering av eit litt meir komplekst eigarskap, men for all del; nyansar er jo ikkje di sterke sak.


Det er meir eller mindre meiningslaus metrikk. Det den fortel er at folk er villige til å betale for å overleve, og det ... sjokkerer vel knapt nokon? I tillegg er det svært teknologitung og gjennomregulert industri, som gjer at det koster alvorlege mengder penger å utvikle nye ting, fordi alt skal dokumenterast gjennom eit relativt rigid system.
Vis hele sitatet...
Jeg skal innrømme jeg blir litt lett utmattet av alle spørsmålene dine gode mann. Jeg kommer gjerne tilbake til diskusjonen, men jeg er ikke i humør til det nå. Ikke engasjerer temaet så veldig heller for å være helt ærlig. Pandemien har jeg som mange andre fått opp i halsen. Og det er egentlig ganske klassisk at med en gang man begir seg ut i en av disse diskusjonene rundt tematikken havner man i en retorisk hengemyr.