View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Anonym bruker Vis innlegg
Rusreformen handler ikke om straffefritt salg så det virker som de har misforstått hvis de skal teste reformforlsaget ved å SELGE hasj???
Vis hele sitatet...
I tillegg har ikkje reforma (som ikkje avkriminaliserer) vorte lov endå. No vil nok domstolane ta hensyn til politiske signaler i ei slik sak, men sjølv i rusreformutvalet si drakt så var det jo ikkje snakk om legalisering; kun avkriminalisering av bruk.

Og som kjent var Stortinget sitt vedtak langt meir restriktivt enn både utvalet og regjeringa sitt saksframlegg.

Vel har domstolar ei sjølvstendig rolle, men dei kan ikkje ignorere lovgjevar sine intensjonar, som åpenbart er at sal fortsatt skal vere straffbart.

Viare så vil åpenbart EMK-sporet falle på steingrunn. Om EMD meinte at forbod mot narkotika var i strid med EMK burde dei gjort det klart for lenge sidan; det har vore mange saker relatert til narkotika for EMD, og i mange av dei har EMD landa på staten si side.
Sist endret av vidarlo; 17. juli 2021 kl. 00:55.