View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Dei argumenterer jo i ekstremt liten grad for kvifor eit omsetningsforbod er i strid med EMK. At politiet sin praksis - spesielt mot det meir slitne klientelet - kan vere solid på kant med EMK vil forsåvidt ikkje overraske meg, men omsetningsforbod...? Det er såpass vanleg, at det er direkte påfallande at EMD ikkje har konkretisert synet sitt om dei meiner EMK ikkje tillet stater å forby narkotikaomsetning.

Viare så er jo ikkje det uprøvd territorie i domstolane. Det er rimeleg mange som er domfelte for narkotika, både i Noreg og andre land, og det finst saker frå EMD som rører ved temaet - der EMD har frifunne staten. Det framstår med andre ord som rimeleg velprøvd juss. Dei presenterer null argumentasjon. Heck, dei seier ikkje ein gong kva artikkel det er brot på.

Kort sagt så framstår det som standard stonervas. Det der vil ikkje bidra til legalisering. Det vil bidra til at en del må trekke på skuldrene fordi dei ikkje greier å bry seg over at andre er idioter...