View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Trådstarter Donor
Og for å sitere ein artikkel som vart lenka til tidlegare:
Sitat av http://www.finnmarkdagblad.no/nyheter/article7748383.ece

Vil vedkommede ha våpenet tilbake gjelder det å holde seg edruelig og ikke stelle til bråk. Så kan det sendes inn søknad. Men de rekker ikke jakta.
- Vi snakker nok en tre års tid ...
[...]
En fordel ved disse sanksjonene er at det er rene forvaltningssaker. Politiet trenger ikke kjøre saken i domstolene, og kan dermed gi sanksjonene raskt etter en voldshendelse.
Vis hele sitatet...
Det er ein rimeleg ekstrem uttalelse frå politiet. Eg er einig i at det er ønskjeleg med raske dommer i småsaker, men her er seier altså politiet rett ut at fordi dei kan omgå rettssystemet så gjer dei det.

Grunnen til at vi har tredeling av makta er jo for pokker nettopp det at politiet ikkje skal vere stat i staten - dei har fullmakter andre ikkje har, og dei fullmaktene vert i etterkant kontrollert av domstoler, for å forhindre misbruk. Den maktdelinga gjer oss tryggare, for det hindrar vilkårleg straff frå politiet si side.

I somme, spesielle tilfeller, kan politiet effektuere delar av straffa før det føreligg dom. Det gjeld t.d. inndraging av våpen, og grunnen er at det er såpass alvorleg for samfunnet om våpen vert misbrukt at vi har valt å gje politiet mogelegheit til å ikkje måtte spørje domstolen først. Men når politiet misbrukar den retten - til å ta våpena fra folk som dei ikkje har spesiell grunn til å mistenke at vil misbruke dei - så bør vi som samfunn stille spørsmål ved om politiet bør ha den retten. Dei misbruker den - dei nyttar den ikkje slik det var tenkt i lovverket, av dei som skreiv det.

Sett inn førarkort istadenfor våpen over om du føler for det.

Ei tenkjeleg løysing er at dei får rett til å beslaglegge førarkort/våpen i t.d. 14 dager, før dei må reise straffesak rundt forholdet, med påstand om beslag. Då vil dei kunne forhindre misbruk, samtidig som vi ikkje får situasjoner som den sitert over - der politiet seier rett ut at det er ein måte å straffe folk på som ikkje er underlagt domstolskontroll.

Problemet her er per se ikkje at politiet beslaglegg våpen eller førarkort. Problemet er at dei gjer det på sida av systemet vi gjennom lang tid har utvikla for å sikre at politiet ikkje misbruker makta samfunnet har tildelt dei.

Og om problemet er at politiet meiner sakshandsamingstida i domstolane er for høg, så er ikkje det eit problem vi løyser med å gje politiet større fullmakter. Det er eit problem vi løyser ved å styrke domstolane.
Sist endret av vidarlo; 21. januar 2015 kl. 20:54.