View Single Post
Shooting expert
BrageP's Avatar
289
Eg skal vere samd med trådstartar i at det høyrest ut som om NAV prøver å lyge seg ut av situasjonen, og det er sjølvsagt dumt.

På den andre sida må ein vere medviten om to ting:

1. Den einskilde må prøve så godt han eller ho kan for å finne overnatting sjølv, og ikkje berre kaste ballen over til NAV for å finne overnatting på dagen. Kanskje dukkar det opp noko om ein dag eller tre, og i sommarhalvåret er det vel neppe noko overgrep mot den einskilde å måtte ligge nokre netter i telt.

2. Folk må også vere medvitne om at NAV heller ikkje kan trylle. Det kan nemleg vere svært utfordrande å ringe frå NAV for å finne overnatting for NAV-klientar. Dette hadde ikkje vore fullt så utfordrande dersom det ikkje var andre NAV-klientar før dei som hadde laga eit helvete. Tre døme frå minnet:

A. Heimlaus ungdom fekk hotellovernatting i påvente av at eg skulle finne overnatting på campingplass el.l. Ungdommen unviterte på fest, laga eit reint helvete, og forfalska signaturen min for å få gratis mat og drikke. Resultat: Hotellet nekta å ta imot fleire "gjestar" frå meg.

B. Heimlaus mann fekk overnatting på campingplass. Ramponerte hytta slik at ho måtte totalrenoverast. Avføring på golv, tak og veggar(!). Resultat: Eigaren ba meg meir eller mindre om å dra til helvete.

C. Ung heimlaus dame fekk overnatting på campingplass. Røykte inne i hytta sjølv om det var røykeforbod, og øydela inventar. Resultat: Campingplassen ville ikkje ta imot "gjestar" frå meg meir.

Resultatet vart altså at det vart ganske langt mellom alternativa. Dei aller fleste nekta plent å ta imot folk frå NAV. Eg veit sjølvsagt at ikkje alle klarer å ringe sjølv på grunn av psyke, men det er altså ti gonger betre å få ein kompis/far/mot/fetter til å ordne ei overnatting i samarbeid med NAV enn å overlate jobben til NAV, for mange der ute liker *ikkje* at NAV tryglar om ein overnattingsplass på grunn av tidlegare og negative erfaringar.

Folk der ute som sit på overnattingsplassane driv bedrift, og ikkje alle er like glade i risiko.
Sist endret av BrageP; 20. juli 2017 kl. 23:14.