View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Cybergasm Vis innlegg
Om du siterer han korrekt så har han ikke direkte sagt at han skal dekke boten, men at han skal klage for deg og at du ikke trenger å tenke på selve klageprosessen.
Vis hele sitatet...
Du kan ikkje klage på skuld når det gjeld forenkla forelegg litt grovt sagt. Det er forenkla for alle parter. Staten sparer ressurser fordi saka er endeleg avgjort der og då, utan etterarbeid frå politijurist og viare oppfølging. Du sparer deg for å havne i bøteregisteret, samt at du får ein rabatt ved å godta.

Når du godtar eit forenkla forelegg seier du frå deg dei vanlege rettane du har i ei straffesak, i bytte mot at saka er opp og avgjort der og då. Om du meiner du ikkje er skuldig så er løysinga å ikkje vedta det forenkla forelegget, og då vil politiet anmelde deg - og ein politijurist vil sjå på saka, og du vil ha dei vanlege rettane som sikta, og kan m.a. komme med dokumentasjon på at du hadde lov til å gjere det. Godtar du eit forenkla forelegg har du sagt ifrå deg det.