View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Kva?
1900-trilogien av Gunnar Staalesen (1900, 1950, 1999)

Kvifor
Las den for femten år sidan. I etterkant har eg vorte bergenser, og kjenner byen betre. Las opp igjen for å få med meg Staalesen sine miljøskildringer, og den historiske utviklinga i Bergen. Staalesen er lett pornografisk til tider - og det er gjerne meir irriterande når ein har bikka tredve enn når ein er femten - men det er fortsatt ein god historisk serie, som tar for seg mykje av det som har skjedd i Bergen.

Gunnar Staalesen er ikkje ekstremt god på intriger. Staalesen er ikkje ekstremt god på karakterer. Men han er god, og gjennomført, på å skildre historiske linjer og miljø. Og det gjer det verdt å lese, for ein ser for seg veldig mange av situasjonane han plasserer karakterer i. I tillegg er det eit historisk verk, som i stor grad flettar oppdikta karakterer saman med Bergen, frå 1.1.1900 til nyttårsaften, hundre år seinare. Og sjølvsagt er Varg Veum med...