View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Dodecha Vis innlegg
Du må forstå at det kriminelle smuglermiljøet har så mye redundans at det aldri vil gå tomt for arbeidskraft. Politiets oppgave er umulig og de klarer i beste fall å fremstå (PR messig) som at de faktisk utgjør en forskjell på det illegale narkotikamarkeder, slik at lovlige borgere som deg selv føler seg trygge.
Vis hele sitatet...
Ok.

I så fall har dei femti kiloa til politiet ikkje gjort ein reell skilnad på markedet, og skadevirkninga av femti kilo ekstra er nær null. Konsekvensane var altså relativt små.

Samtidig er jo faktisk smugling og sal forbode, og politiet har det som ei av sine arbeidsoppgaver å fange dei som driv med det. Spesielt dei som driv med det i stor skala. Enten må dei gjere det, sjølv om dei ikkje tar alle. Eller dei kan resignere og de facto avkriminalisere narkotika. Stortinget ser ikkje ut til å ynskje det siste, og regjeringa ser heller ikkje ut til å ynskje det.

At dei ikkje får tatt alle er ikkje eit argument for at dei ikkje skal ta dei dei får tatt. Og at folk vert straffa for det, er nok med på å halde prisnivået oppe ettersom folk vil ha betalt for risikoen dei tar. Så sånnsett vil det nok kunne redusere bruken ein del.