View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av *pi Vis innlegg
Du burde kanskje få noen til å se litt over det elektriske i huset ditt, hvis det er mye diy der.
Vis hele sitatet...
Generelt er det eit veldig godt råd, gitt tilstanden på det vi har sett, uavhengig av om installasjonen er utført av fagfolk. For den er åpenbart ikkje utført på denne sida av 1975.

For det første har ting ei levetid, og tilstanden antyder at det anlegget der er ferdig med levetida si. Rett nok går mykje bra om ingen er borti det, men det er neppe lovleg slik det står no.

For det andre har bruksmønster endra seg sidan 1975. Vi har høgare innetemperatur, som medfører større effektbruk. Vi har fleire elektriske apparat, som medfører større effekter. I sum gjer det at eit anlegg som var forsvarleg i 1975 fort ikkje er det i dag.

Så kort sagt. Eigar av elanlegget plikter nok til å utbetre anlegget. Eigar har ansvar for at det er i forsvarleg stand.

(PS: Mantelen på kabelen ser uskadd ut på biletet. Leiarisolasjonen er derimot borte.)