View Single Post
Sitat av FuNcEd Vis innlegg
Jeg mener laboratoriumer og feks universiteter bør tilpasse seg slik at vi selv kan produsere vaksine, og få ALLE vaksinert fort som faen..
Vis hele sitatet...
For å dvele litt ved dette...

https://blog.jonasneubert.com/2021/0...d-19-vaccines/

Det er ei skildring av verdikjeda som står bak vaksinene. Det er ikkje eit firma, det er ikkje ein prosess. Det er mange firma, som kvar har spesialisert seg på delar av prosessen. Dei leverer det Pfizer-BioNTech og Moderna bruker som råstoff for å produsere vaksina. Mange av dei prosessane er det som best kan karakteriserast som høgteknologi - det koster alvorlege mengder penger å lage ein lab som kan utføre kvar enkelt bit av prosessen.

Viare så er medisin underlagt ekstremt strenge produksjonsprotokoller. Du skal kunne dokumentere kvart einaste steg, og du skal kunne dokumentere kor all input til det steget kjem frå, også viare. Har du eit avvik? Send det du har laga til forbrenning, og begynn på nytt.

I tillegg så er ikkje det snakk om at du kan troppe opp på NAV og hente folk som skal bemanne skiten. Du må antakeleg bruke relativt lang tid på opplæring - sjølv om du henter folk som har toppkompetanse på fagfeltet. Det er forøvrig fort samme folka som jobber med andre medisiner mot t.d. covid-19, så konsekvensane av det kan fort vere at vi går glipp av andre nyttige medisiner.

I tillegg så har du den faktoren at mRNA-vaksiner var ikkje ein ting før i år. Det var forskningsprosjekter, men det låg eit stykke inn i framtida - inntil ein pandemi brått dukka opp og folk var villige til å gamble penger på eksprimentelle vaksiner. Klart, Noreg kunne brukt milliarder på det i 2016, og satt i gang forskningsprosjekt på feltet. Då hadde vi truleg vore langt framme på feltet i dag, fem år seinare. Det er for all del ein ressursbruk eg meiner hadde vore meir fornuftig enn mange av andre infrastrukturprosjekter vi diller på med, men det hadde altså kosta.

Men det er for seint å komme no, og håpe at vi kan bygge opp produksjonskapasitet som kan levere meingsfulle mengder vaksiner før vi har fått nok frå andre levrandører. Det tar tid å bygge opp kompetansemiljø, og det tar tid å bygge opp produksjonslinjer.

Som eit eksempel er denne TEDtalken verdt å sjå. Her er det ein som prøver å lage noko så enkelt som ein brødrister frå botnen. Brødrister er ei sak eg kan bygge på eit par kvelder ved å gå i butikker nær meg. Det er ikkje høgteknologi.

Det er lett å undervurdere kompleksiteten og avhengigheita av andre i det moderne samfunnet. Men fasiten er at verdikjeder er globaliserte - på godt og vondt. Du kan vere for eller imot globaliseringa av verdikjeder, men det er ein realitet du må forhalde deg til - iallefall på kort sikt.