View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av kummi90 Vis innlegg
Jeg stoler heller på antropologi og paleoantropologi enn en "saga" skrevet rundt 1300.

Nord-europeere fulgte flokkdyr slik som reinsdyr nordover fra sentral-europa etter siste istid.
Vis hele sitatet...
Nåja. Nåja.

Innvandringa til Europa har skjedd i mange omganger. Du har urbefolkinga på Nordkalotten, samane, som kom rimeleg kjapt etter forrige istid. I tillegg har du hatt andre grupper, som tradisjonelt har helde seg lenger sør, og i mindre grad vore genetisk isolerte frå resten av Europa - og verda.

Det er relativt lite belegg for å påstå at nordmenn stammer frå folk som følgde isen nordover. Og vi har nok hatt rimeleg stor utveksling søraustover i Europa genmessig. Folkevandringer er ikkje ein ny ting akkurat, sjølv om dei kan skje kjappare og meir direkte i dag enn tidlegare.

Og at Odin, som i mytologisk figuren Odin, nok var importvare, så er det rimeleg alment akseptert så vidt eg har fått med meg - https://en.wikipedia.org/wiki/Odin#R...gration_Period har litt om det. Og Odin er ikkje så særmerkt nordisk fenomen som mange nok trur, sjølv om det gjerne er her mytene kom klårast fram, og vart nedteikna av Snorre.