View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av legalize_it Vis innlegg
Ja det er symbolpolitikk enn så lenge ikke forbruket går ned. Hypotetisk sett ville nok verden lagt merke til det en dag eller to, mens ungdommene i MDG kunne solt seg i glansen. Deretter ville verden gått videre, og mye av Norges økonomi ville gått i dass.
Vis hele sitatet...
Så at ein av verdas største eksportører vil altså ikkje føre til prisendringar? Det vil ikkje føre til at europeiske nasjoner vil tenke at det kanskje er litt kjipt å vere avhengig av gass?
Sitat av legalize_it Vis innlegg
Ja, vi kan og bør dure på med oljeproduksjon så lenge det er er lønnsomt og så lenge vi har konkurrenter som vil dure på uansett.
Vis hele sitatet...
Race to the bottom. Tragedy of the commons. To kjente navn på tenkemåten.

Det er destruktiv tenkemåte. Det handlar kun om å få mest mogeleg ut av det for sin eigen del, gjerne mens ein øydelegg totalen, sånn at alle taper på det i lengda. Eg (og MDG) argumenterer faktisk for å vere ansvarlege, og kutte utslepp før det er for seint.
Sitat av legalize_it Vis innlegg
Vil du være idealistisk er det jo bare å starte i det private. Du står jo veldig fritt til å velge ditt karbonavtrykk. Eller er du bare villig til å gjøre det dersom resten av Norge lider med deg?
Vis hele sitatet...
Dette er reinspikka hersketeknikker frå di side, og totalt uinteressant. Eg argumenterer for ei ansvarleg løysing, og du snakkar om at eg vil at andre skal lide med meg?

Nei. Eg vil faktisk at vi i sum skal lide mindre. Eg vil faktisk at vi skal kunne ha konsept som sivilisasjon om tusen år og. Det du argumenterer for er at vi ikkje skal det.

Forøvrig er det litt motbydeleg at du kjem med utsagn av typen at det er berre å ta personleg ansvar. Problemet er at det er ikkje spesielt enkelt. Du kan ikkje velje korleis elektrisitet skal verte produsert. Du kan ikkje velje korleis samfunnet skal transportere ting. Du kan ikkje velje korleis produsenter skal produsere ting også viare.

Du kan reise mindre. Du kan etterisolere huset. Men for å få tiltak som faktisk monner må stater stille krav. For at stater skal stille krav må vi velje politikarar som faktisk er villige til å stille krav. Det vil koste - men det vil koste mindre enn konsekvensane av klimaendringer. Det er strukturelt problem - vi har bygd samfunnet rundt hydrokarboner. Då må det strukturelle endringer til. Enkeltpersoner kan ikkje endre strukturer, utover gjennom politikken.

Eg gjentar det eg har sagt heile vegen: du forstår ikkje konsekvensane og omfanget. Det er ei varsla katastrofe det er snakk om, med mindre matproduksjon, mindre tilgang til ferskvatn, dødeleg høge temperaturer i somme av dei mest tettbefolka områda i verden, omfattande endringer i økosystemer, forsuring av hava og endring av økosystemer i hav, migrering av arter, større utbreiing av alvorlege patogener også viare. Det er ikkje eitt jævla område som ikkje vil verte massivt råka av klimaendringer. Det er snakk om såpass omfattande konsekvenser at konseptet sivilisasjon står i fare.
Sist endret av vidarlo; 17. juni 2021 kl. 14:01. Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.