View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Dei har ikkje sjekka vandel. Dei einaste som sjekker vandel utan at du sender inn politiattest er vel stortsett sikkerhetsklarering og politihøgskulen. For dei fleste andre føremål må du sjølv bestille politiattest og sende inn.

Og fyllekøyring for ti år sidan ville ikkje vore relevant på vandel i frivillig organisasjon. Det som kunne vore aktuelt, om det er ein frivillig organisasjon som har mange barn og unge, kunne vore vald og overgrep.

Eg ville tatt det opp med dei. Gjerne og tatt kontakt med lokalavisa, og høyrt om dei kunne ta det opp (anonymt). For det høyres ut som svært urimeleg praksis, og svært lite formålsteneleg. At du er dømt ein gong for nær ti år sidan seier svært lite om noverande situasjon.