View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Spectra Vis innlegg
Noe av greia er vel at det er bekymring rundt stråling og effekten av det på mennesker og liv generelt.

https://emfscientist.org/index.php/emf-scientist-appeal
Vis hele sitatet...
Og tingen er at det er uinteressante innvendinger.

For det første er det ingenting som tyder på at det er ein reell effekt. Såkalla eloverfølsomme har ikkje greid å påvise elektromagnetiske felt, sjølv om dei hevdar dei vert sjuke av det, og kan kjenne når det er påskrudde mobiltelefoner i nærleiken. Som Folkeopplysningen demonstrerte har dei tvert imot ein påtakeleg motvilje mot å demonstrere dei påståtte evnene sine. Det er heller ingen kjent verknadsmekanisme som kan føre til det som vert påstått. Som eg nemde over: Sola bombaderer jorda med 1kW/m^2 elektromagnetisk stråling. Deler av den strålinga er ioniserande, altså skadeleg. Det er ingenting som tyder på at RF, som har mykje mindre energi - både i feltstyrke (nanowatt-mikrowatt per kvadratmeter) og i bølgelengde (gigahertz versus terahertz) skal ha skadelege verknader.

For det andre er ingenting unikt med 5G. Frekvensane er i dag i bruk til andre ting, og paradoksalt nok vil 5G føre til mindre RF, ettersom du kan overføre meir data på samme tid. Det vil sei kortare burst med data.