View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av ivar_oslo Vis innlegg
Hvorfor tror du Ungarn stempler passet? Jeg har vært i London (alle tre flyplasser) flere ganger og har ikke fått stempel i passet. Og har aldri fått det på Gardermoen. Bladde nettopp gjennom passet mitt for å se etter.
Vis hele sitatet...
For det første: Som nordmann har du rett til å opphalde deg i Schengen-området, og passet vert ikkje stempla ved innreise til Schengen, enkelt og greit fordi det ikkje er poeng i å halde styr på kor lenge du har vore i Schengen-området.

For det andre: Som turist i UK treng du ikkje visum, og nordmenn (og andre EU-borgarar) har generell rett til å opphalde seg i UK slik dei måtte ønske, innanfor visse ytre rammer.

Denne wikipediasida har litt detaljer om når du får stempel i Schengen. Serbia er ikkje EU-medlem, og har heller ikkje unntak frå den generelle regelen om stempel i passet.

Kort sagt er stempel i passet ein kontrollmekanisme, men så lenge du reiser innan EU er generelt sett ikkje tid ein faktor i om du har lovleg opphald eller ikkje. Difor er ikkje stempling av passet relevant innan EU. Reiser du til land utanfor EU vil du nok oppleve at du generelt sett får stempel i passet. Det gjeld og inn i EU: er du frå eit tredjeland vil du stortsett få stempel i passet.

Eller for å sei det veldig enkelt: det er ikkje grensekontroller innad i Schengen. Konsekvensen av det er at grensepraksisen i heile Schengen-området skal vere identisk. Det skal ikkje vere skilnad på det å krysse ei grense i Ungarn eller Noreg. Merk at eg her ikkje tar standpunkt til om Schengen er god ide eller ikkje - men kun opplyser om faktiske forhold i dag.
Sist endret av vidarlo; 13. januar 2018 kl. 02:05.