View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av 420master Vis innlegg
Nå har jeg verken lest hele posten din. Men første setningen din har jeg sagt fra første letting på tiltak. For fort! Smitten kom.

De spiller jo whack a mole med samfunnet! Enten må man stenge. Eller så må vi la folk dø, enkelt og greit.

Verden er overbefolket uansett, kunne brukt denne muligheten til å gjeninnføre «den sterkeste sin rett»

Så steng ned alt, eller åpne alt! Men sånn vi har holdt på i et år funker ikke. Litt som narkotikapolitikken
Vis hele sitatet...
Dette er med respekt å melde vas.

For det første så er det falskt dikotomi å påstå at vi må stenge ned eller la folk døy. Det finst mellomting, der tiltaka er tilpassa aktuell situasjon. T.d. er handsprit eit lite inngripande tiltak - som reduserer smitte. Andre meir inngripande tiltak er meir effektive, men har større kostnad for samfunnet. Kva tiltak som har vore i bruk har variert - og det kan heilt sikkert diskuterast kva som er rett og galt av dei tiltaka, opp mot kostnader. Men det gjer ikkje at dei to alternativa du oppstiller er reelt. Viare vil jo ei nedstenging i to uker åpenbart ha mindre kostnad for samfunnet enn ei nedstenging i eit år.

Viare - ad overbefolking. Sjukdom fungerer ikkje slik. Covid er ikkje dødeleg nok til at det hadde gitt veldig store utslag - og iallefall ikkje der befolkinga veks raskast (t.d. Afrika) - for der er snittalderen nærare 18 enn 60. Skulle det hatt reell innvirkning måtte du hatt ting ala svartedauden - men då hadde nok piggtråd i gatene vore ukontroversielt verkemiddel for å hindre smitte.

Viare så konkluderer du med at det ikkje har fungert slik vi har helde på. Til det vil eg innvende at jo - det har åpenbart fungert. Noreg har lågare dødsfall enn mange andre land, og har heller ikkje fått overbelastninga i helsevesenet som t.d. Italia og Spania har sett i periodar. Vi ser tydeleg igjen i smittetala at periodevise nedstengingar har ført til redusert smitte - og gjort at vi kan åpne relativt sett opp etter nedstenginga. Igjen så er det falskt dikotomi frå deg å stille opp dei to alternativa, og ignorere mellomting og variasjon i tid.