View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Opprett kontoen på ein smarttelefon som du ikkje har SIM-kort i. Ikkje ha kontakter på telefonen heller - mange apper liker å kopiere det...

Registrer deg via tor. Kun bruk appen via tor. Vent tre uker frå du har tatt bilete til du publiserer det.

Dei tiltaka vil gjere det rimeleg mykje vanskeligare å spore deg. Grunnen til at du ikkje bør ha simkort eller kontakter er at appen typisk vil laste opp slik informasjon til facebook. Du kan evt. kjøpe kontantkort frå random europeisk land på e-bay om du vil, men det svekker anonymiteten din litt.

Grunnen til at du bør vente med å publisere bilete er at usikkerhet omkring tidspunktet for biletet vil gjere sporing av det langt vanskelegare. Gjennomfører du dei tiltaka vil ikkje ei tilfeldig etterforskning avsløre deg. Eit målretta angrep kan nok avsløre deg, men ikkje at ein tilfeldig politijurist har fem timer til overs og lurer på kven du er...