View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Du må jo verte kvitt varmen på eit vis. Difor må du ha slange ut. På mange portable er tanken at du hiver den ut vinduet, og det er gjerne med ei løysing for å tette gapet mellom vindu og karm i åpen tilstand.

Air conditioning er ikkje magiske apparat som kan fjerne energi. Dei må dumpe energien utanfor bygget du ønsker å kjøle ned.

Å redusere luftfuktigheta kan gjere at du opplever det som lågare temperatur, ettersom svette vil fordampe kjappere og fjerne meir energi. Å fordampe vatn vil senke temperaturen, ettersom det stel energi - men til gjengjeld kan det føre til at det opplevast som varmare... fordi svette ikkje fordamper like lett.