View Single Post
Shooting expert
BrageP's Avatar
289
Sitat av frtoretang Vis innlegg
BrageP greit alt du ramser opp, slik er det i den virkelige verden. Men ingenting av det du skriver gjør at Nav kan tilsidesette loven og gi blaffen. Her kunne Nav feks leid hotell el campinghytte for dem i noen uker mens saksbehandler tok grep i saken og evt. kontaktet andre nødvendige instanser for å løse situasjonen.
Vis hele sitatet...
Eg har som du ser teke på meg rolla som djevelens advokat her for å gi eit innblikk i korleis ting kan sjå ut frå den andre sida.

Ansvaret til kommunen er tydeleg. Det er det ingenting å seie på, men for ein sakshandsamar i kommunen *kan* dette kravet i praksis vere vanskeleg eller umogeleg å nå. Viss kommunen ikkje har akuttbustadar (fy skam!), og alle campingplassar og hotell i mils omkrins seier nei, kva skal ein gjere? Kommunen sitt ansvar er klart, men kva skal ein gjere som tilsett? Det nyttar ikkje å slå i bordet med lova, når det ikkje finst overnattingar å oppdrive.

I dette tilfellet er handlemåten til kommunen likevel uforståeleg. Paret hadde funne overnatting på eiga hand (hotell), men kommunen nekta på grunn av kostnad. I mangel på andre tilbod burde det vel eigentleg vere ei smal sak for kommunen å takke ja til eit par overnattingar på hotell, medan ein leita etter langtidsovernatting på ein campingplass el.l.

Så kan ein sjølvsagt diskutere om dette er fornuftig ressursbruk i ein anstrengd kommuneøkonomi, sjølv om lova er klar. Hadde eg vore i deira situasjon kunne eg godt ha takka ja til eit par netter i telt medan eg og NAV leita etter anna overnatting, men det er kanskje berre eg som tenker slik.
Sist endret av BrageP; 21. juli 2017 kl. 00:33.