View Single Post
Det er fullt mogleg å vere født med xy kromosom, men ha like kjønnskarakteristikkar som ei kvinne med xx kromosom.

Eit kjend eksempelet på dette er Maria José Martínez-Patiño. Ho var hekkeløpar på 80-talet og er født med xy kromosom. Dette var det imidlertid ingen som visste, inkludert ho, foreldra hennar, legen hennar, eller hennar forlovede. Ho har ein androgen insensitivitet som gjer at ho vert danna med kvinnelege kjønnskarakteristikkar.

På denne tida måtte alle kvinner ha eit "certificate of femaleness" for å kunne delta i verdsmeisterskap, ol, osv. Ho bestod ein slik test under IAAF World Championships i 1983, men når ho gløymde å ta med testresultata til Japan i 1985 måtte ho ta ein ny test før meisterskapet der. Denne testen bestod ho derimot ikkje når det viste seg at ho ikkje hadde to x kromosom. Resultatet vert seinare bekrefta på nytt. Det var ingen måte å skilje ho frå andre kvinner før ho tok ein nøyaktig kromosomtest og sjølv om androgen insensitiviteta hennar gjorde at ho ikkje hadde noko fordel over dei andre utøvarane vert ho nekta deltaking. Det at ho hadde xy kromosom kom som eit enormt sjokk på ho då det var ingen, ho sjølv inkludert som hadde tvilt på at ho var kvinne før kromosomtesten vert gjennomført.

Det er med andre ord mogleg å ha kromosom som ikkje samsvarar verken med det sosiale kjønnet, eller dei kroppslege kjønnskarakteristikkane ein verdt født med. Eg kan ikkje vite kva for kromosom nokon har ved å berre sjå på dei. Eg kan heller ikkje vite om kjønnskarakteristikkane dei har samsvarar med kromosoma dei vanleg vis er forbunden med. Når Maria er ei kvinne på alle andre måtar en kromosoma hennar, så ser eg ingen grunn til seie at ho eigentleg er ein biologisk mann fordi ho har xy kromosom. Om ho ikkje hadde blitt idrettsutøvar er det ikkje sikkert ho nokon gong hadde funne ut at ho hadde xy kromosom. Uavhengig av kor ofte folk blir født med slike genetiske variasjonar, så er det at det skjer for min del nok til å tenke at om ein skal definere kjønn så vil det vere vesentleg å sjå til noko anna en berre kromosom for å gjere dette.