View Single Post
Hei
Først vil eg berre seie takk til alle dokker som hjelper med identifisering her! For eit halvt år sidan hadde eg knapt høyrt om fleinsopp, og eg hadde aldri vurdert sopp eller psykedelika som noko eg ville prøve. Eg har lært veldig mykje av å lese på ulike trådar på dette forumet, og fått tips til anna lesing/videoar som har utvida horisonten min! Takk! Dette er mitt første innlegg. Eg kom tilfeldigvis i dag, på tur med hunden, over noko eg lurer på om er fleinsopp. Som nemnt ovanfor, har eg lese meg litt opp teoretisk og har sett på mange av innlegga i identifiseringstråden, men har ingen erfaring med soppen sjølv.

Eg har ikkje numerert bileta sidan eg er meir ute etter ei generell vurdering om dette kan vere flein. Det har vore tørt i terrenget lenge no. Soppen eg har plukka er tørr, og eg synes det liknar beskrivinga på soppen i den første identifiseringstråden. Skivene framstår som ganske lilla i dagslys, sjølv om det ikkje kjem så godt fram på bileta. Er det anna sopp som liknar elles, som også har lilla skiver? Eg fann andre typar sopp også i området, som eg trur er slåttesopp og anna. Dei skilte seg ut ved å anten vere større, ikkje har den same spisse klokke-fasongen, eller ikkje hadde den lilla fargen på undersida. Etter mi eiga vurdering er soppen eg plukka av same art, men kva art dette er, veit eg altså ikkje
Terrenget der eg plukka, er gammal slåttemark. Der har ikkje vore anna beitedyr enn hjort på sikkert 40-50 år.
Eg tenkjer det ikkje betyr så mykje om dette er ein annan type sopp, eg vil gjerne lære


https://imma.gr/105136x2ff3e
https://imma.gr/105137x22359
https://imma.gr/105139x442e4
https://imma.gr/105140xfb706
Sist endret av Sirupsnipp; 5. september 2021 kl. 21:14.