View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Lunar Vis innlegg
Du får regne på det. Motstanden i kobberkabelen x m x tykkelse? Du finner formelene rundt omkring, da finner du ut hvor mye tap du vil få.. Så ser du hvor mye strøm switchen/ruteren sender ut og sjekker om det blir et alt for stort tall i forhold til det..

Veldig dummet ned, orker ikke skrive detaljert. men er lett å regne ut når du har tallene.
Vis hele sitatet...
Det funker når du skal berekne spenningstap i kabelen på låge frekvenser over kort distanse.

Det fungerer ikkje når frekvensen brått er såpass stor at element som crosstalk, kapasitive tap og slikt kjem inn i biletet. Ethernet bruker såpass høge frekvenser at du må ta med kapasitans og reaktans, og du må vere sikker på at det som kjem ut i andre enden ikkje er så forvridd av kapasitans og reaktans at det er gibberish. Du må mao. kjene til responsen til både sender, kabel og mottaker.

Når du kjem opp i området ethernet opererer, på eit par hundre megahertz er ein god grunnregel at ingenting er enkelt lenger. I tillegg er ethernet eit bredt signal, med ei bandbreidde på imponerande 120MHz for 100MbE. Det gjer at kabelen bør ha ein rimeleg flat respons over heile frekvensspekteret. Då vil teknikker frå radiofeltet og feile. Så kort sagt; å rekne på kabling for ethernet framstår som esoterisk øvelse for dei med god utdanning innan signalteknikk.
Sist endret av vidarlo; 25. juli 2019 kl. 07:11. Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.