View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Det er ei fin liste med ledande og lada spørsmål du har laga. Det gjer heile innlegget ditt litt mindre interessant, for det er åpnbart at du har konkludert, og stiller spørsmål for å underbygge konklusjonen.

Eg gjer den enkle observasjonen at samtlige Rema-butikker eg kan hugse å ha vore innom siste fem åra fortsatt eksisterer. Når eit firma eksisterer etter fem år, så går det antakeleg i pluss, og såpass i pluss at eigaren føler at han har meir igjen for å drive firmaet enn å ikkje gjere det.

Det stemmer sjølvsagt ikkje over alt. Enkelte plasser er det ikkje grunnlag for det. Greit nok.

Du ignorerer og at varemerket Rema har ein verdi, som Reitan tar betalt for. Immatrielle verdier er og verdier, enten du liker det eller ikkje. Du veit kva Rema står for, og du veit kva vareutval du har. Det har ein verdi for kunden, og det har ein verdi for Reitan. Er det urimeleg at Reitan, som har brukt tid på å bygge opp det, tar betalt for retten til å bruke det varemerket?

For å ta veldig enkelt døme på immatrielle rettar: Du går ikkje på McDonalds fordi det er eit gourmetmåltid. Du går på McDonalds fordi det er middelmådig - men det er alltid middelmådig. Du risikerer hverken eit veldig godt eller eit veldig dårleg måltid.