View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av A-tillah Vis innlegg
Ja hvis du graver dypt nok i det gamle testamente. Les koranen, så lover jeg deg du blir sjokkert.
Vis hele sitatet...
Det held å lese det nye testamentet. Men igjen, det er ei total avsporing av min argumentasjon. Poenget er at eg ikkje er tilhengjar av å demonisere folk på grunnlag av religiøs merkelapp dei set på seg sjølv. Eg er tilhengjar av å kritisere folk for handlinger og haldninger dei måtte ha. Vil ikkje folk spise svinekjøtt er det ei privatsak. Vil folk steine kvinner som har sex utanfor ekteskap er ikkje den haldninga ei privatsak etter mine begrep - den er djupt problematisk og vedkommande bør konfronterast.

Det ser ikkje ut til at du har oppfatta den nyansen i det eg seier, for du kjem stadig dragande med samanlikninger av tekstane, noko eg har sagt eg ser på som uinteressant. Begge er etter mitt syn direkte horrible og viser eit menneskesyn eg ikkje har spesielt mykje til overs for. Om du finn gradsskilnader i dei så er det litt uinteressant.