View Single Post
Vel, no tar du å strekker mine synspunkt litt langt..

Eg har aldri gitt uttrykk for generell motstand mot hasj eller alkohol. Det eg derimot reagerte på var at du på død og liv måtte bruke hasj på skulen. Verda er ikkje svart/kvit, alle som ikkje er enig med dine synspunkt er ikkje automatisk kristne avhaldsfolk.

Du seier: "Hva andre driver på med, hva andre gjør, anngår ikke meg, så lenge det ikke plager meg "

Greit nok det, men hugs at skuleverket har same "regel". Det plagar skuleverket at du held på med denne rusbruken.
Det er ikkje vanskeleg å gå på vidaregåande skule, det er ytterst få reglar å forhalde seg til og viss du ikkje klarar å gjere det så bør du halde deg vekke derifrå. Når du ser at slike som deg er den direkte årsaken til at politiet trappar opp på skulen for å foreta "razzia" då bør ein enten slutte med desse eksperimentelle toalettbesøka eller slutte på skulen slik at ein kan ruse seg vekke frå dei som faktisk har behov for å bruke skulen til det den skal brukast til.

"Jeg drikker SKJELDENT, men dog ruser meg på andre rusmiddler. Hvorfor er akkuratt ALkohol rusen lovlig, da det er så mange stoffer som er mindre skadelig samt der man har mye mer kontroll enn når man drikker alkohol. "

Viss du hadde gått på do for å drikke sprit i friminuttet hadde ikkje det vore noko betre.