View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Det er jo litt interessant å vite kva du meiner om det og.

Det er jo eit par interessante moment, t.d. at det ser ut til å redusere smitterisiko for HIV ein del, og enkelte meiner det gir eit betre sexliv. Men hovudpoenget mitt er at det må vere valfritt. Kva voksne personer vel å gjere bør i stor grad vere opp til dei sjølv. Men her er det foreldra som tek eit irreversibelt val for ungane i svært tidleg alder - stortsett utelukkande basert på tradisjon.

Samtidig er det verdt å ha i mente at det langt i frå kun er ein jødisk skikk. I t.d. USA og Australia er det vanleg, uavhengig av religiøs tru. Inngrepet kan og utførast av leger.

Ut frå det eg har lest er heller ikkje skadeverknadane råd å likestille med kvinneleg kjønnslemlesting, så samanlikninga halter litt. Det er stor skilnad i konsekvensane, så vidt eg kan sjå.