View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Dette er vas frå di side, Arex_x.

Det å blande inn Biden er nettopp whataboutism. Du peikar på noko anna, som du påstår er like ille. "But what about Biden..."

No er eg på ingen måte einig i at det er like ille, men det er ikkje relevant. Spørsmålet er om Trump har gjort det han vert kritisert for, og om han har uttalt seg så uheldig som påstått. At andre og har gjort det vil ikkje rettferdiggjere Trump sin oppførsel! Det er eit forsøk frå di side på å bytte tema; å snakke om noko anna enn Trump. Sorry mac, eg bit ikkje på den.

Du ignorerer og måten Trump talte til tilhengjanrane på. At han ba Proud Boys om å halde seg klare i presidentdebatt i september. At han etter Charlottesville sa at det var gode folk på begge sider. At han ikkje tok avstand frå konspirasjonsteoriane rundt Qanons, men tvert imot sa at dei var gode som tok avstand frå pedofili. Også viare også viare.

Men for å vere heilt ærleg så er dette å kaste perler for svin. Det er fullstendig åpenbart at du ikkje ønsker å sjå det kritikkverdige Trump har gjort; du har drukke Kool-Aid, og vil ikkje tilnærme deg saka rasjonelt. OK, greit nok, men slutt å late som om du er rasjonell og objektiv då!