View Single Post
Eg trur det at spørsmålet om eit tredje kjønn er del av ei større utvikling i samfunnet der vi lev meir i skyene enn på den faste jord. Vi menneske er dyr, og vi er dyr som ikkje er laga for å leve i det moderne samfunn. For meg, så verkar det som om at svært få innser dette, og konsekvensen av dette er at folk finner seg alternative teoriar til kvifor ting er som dei er og dei finn seg forskjellige måtar å leve med realiteten dei har enda opp med. Identitetspolitikken og relativismen som den stammar frå er ein konsekvens av den liberale kapitalismen sin framvekst i den vestlege verda, og med mindre vi startar ein revolusjon, så er det lite vi kan gjere for å stoppe denne utviklinga.