View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Rosander Vis innlegg
Du bommer totalt på poenget her....
Du må sette det i sammenheng med TS sitt åpningsinnlegg hvor man skal kutte alle produkter som regnes som luksusvarer. Og når da alle svarene er "men det kan du gjøre med mobilen" så blir det helt feil om du tenker ressurser. Og da faller også kontor på hytta bort.
Vis hele sitatet...
Er du sikker på at eg gjer det?

Du kan få til alt det med mobiltelefonen - for mange kan den til og med erstatte PC. Og i dagens samfunn er ikkje dings for å utveksle elektroniske meldinger luksus; det er nødvendig. Samfunnet forventer at du leverer skattemeldinga digitalt, les prøvesvaret frå covidtesten digitalt, også viare. Alt det kan du få til med ein mobiltelefon for 2000,-. Og eg kjenner folk som faktisk ikkje har PC lengre, fordi mobiltelefonen i praksis dekker behovet.

Og ikkje nok med det; mobiltelefonen dekker for mange behovet som TV, radio, klokke, kommunikasjonsdings også viare. Kort sagt er den potensiell erstattar for minst fem ulike apparat som var meir eller mindre sjølvsagde i heimen for femten år sidan. Så eg vil sei at mobiltelefon er ikkje luksusprodukt i dag - det er eit nødvendig produkt, og antakeleg billegaste og mest ressurseffektive måten å kople seg til Internet på, og delta i samfunnet.

Viare påstår du at radiolink er meir ressurskrevjande enn fysisk nett. Er du sikker på at den påstanden heng på greip? Radio bruker litt meir energi, men har ikkje behov for kabler - som krev ressurser.

Er du fortsatt sikker på at mobiltelefonen kjem så fordømt dårleg ut av det? Det er ikkje eg. Med mindre du insisterer på ei fortolkning der alt anna er likt, og mobiltelefonen kjem i tillegg. Men då kan du rigge reknestykket akkurat slik du vil uansett, og då er det ikkje lenger ein interessant diskusjon.