View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Zabbath Vis innlegg
Noen velger å tro på Gud fordi de har erfart at Gud eksisterer.
Vis hele sitatet...
Det åpenbare spørsmålet er om det er feiloppfatninger eller ikkje. Eg har sjølv sett båter sveve ein halvmeter over vatnet - men eg konkluderte med at det antakeleg var ein optisk illusjon, og ikkje gud.

At mange har erfart noko er null verdt. Den enklaste personen å lure er deg sjølv. Det vi hugsar vrir og vender vi på til det passer inn i verdsbiletet, og vi overser det som ikkje måtte stemme med verdsbiletet vårt.

Det er påfallande at veldig få ikkje-religiøse opplever gud, og veldig få opplever ein gud av ein annan type enn den dei forventer. Det er kanskje eit lite hint om at gud eksisterer mellom øyra på oss?

Summa sumarum så finst det ingen haldepunkt for at gud eksisterer, men det finst veldig mange haldepunkt for at dei religiøse mytene, t.d. bibelen, koranen, Edda m.fl. er direkte feil. Ettersom forteljingene som dannar grunnlaget for religionen er påviseleg gale, og det ikkje finst ein einaste rasjonell grunn til å anta at gud(er) eksisterer, så er ei fornuftig nullhypotese at gud ikkje eksisterer, religion er oppspinn og at alle opplevelser du måtte ha av gud er større eller mindre grad av sjølvbedrag.