View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sam Harris har skreve eit blogginnlegg om sjølvforsvar.

Det kan oppsummerast i tre punkt:
  1. Unngå farlege situasjoner.
  2. Ikkje forsvar eigedelane dine.
  3. Flykt

I blogginnlegget rasjonaliserer han desse påstandane han kjem med, m.a. at folk ofte er klar over situasjonen før den eskalerer, og at dei allereie då burde valgt å unngå den, som forøvrig kjem igjen i punkt tre. Han tar òg til orde for at det å forsvare eigedelar ikkje er spesielt lurt, ettersom dei trass alt er mindre viktige enn liv og helse, og har en flaks så tar angripar til takke med lommeboka di, og godtar at du spring.

Det tredje punktet er litt verre - for Harris tek til orde for å flykte uansett. Om du blir trua med våpen så er svaret has flykt. Og grunnen er forsåvidt fornuftig nok: nokon som er villige til å skyte på nokon som flyktar har sannsynlegvis få sperrer mot å drepe deg uansett, så netto betrar det overlevingssjansane dine.

Det er eit ganske interessant innlegg i debatten om sjølvforsvar, og er samtidig veldig uamerikanske råd - ikkje heilt i tråd med 'my home is my castle'. Men eg trur gjerne Harris har rett i mykje av det han skriv. Kva tenkjer andre om det?