View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av random67489 Vis innlegg
Jeg føler at nå er gått så langt at godene og lønnsnivået er det viktigste for å velge karriere som politikere.
Vis hele sitatet...
Då trur eg ikkje du har innsikt i kor mange som sit i kommunestyrer o.l. rundtom i landet, for relativt låge summer i året. Det er ein brøkdel som havner på tinget, og stortsett har dei brukt minst ti år på å komme dit, med relativt stor og allsidig innsats. I tillegg har dei ikkje jobbsikkerhet på linje med det andre har.

Det er trass alt 169 personer som sit på Stortinget. Eit konservativt anslag er at minst 6000 personer har politikk som i beste fall biinntekt gjennom kommunestyrer, fylkesting o.l.

Det kan tenkast det finst folk som tenker på lønn og karriere som grunn for å engasjere seg politisk, men det er neppe spesielt mange. Då framstår t.d. lege eller ingeniør som langt enklare og langt tryggare karriereval, som vil gi minst like god uttelling lønnsmessig i starten - og antakeleg samla sett...