View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Legg ut den formelle klagen her i tilfelle det er av interesse. Om det er upassande får heller nso slette den...

Sitat av Formell klage til FO
Coca Cola driv fordekt markedsføring, gjennom å linke til videoer som
inneholder strategisk plasserte cola-logoer. Linkene vert posta på diverse
store norske forum, utan samtykke frå forumet. Brukarnamnet, norge1 er det
samme over alt, og e-postadressene går igjen. Videoane linkar til ei side
som er eigd av Coca Cola Company.

Dette meiner eg er brot på marknadsføringslova, §1:
All markedsføring skal utformes og presenteres på en slik måte at den
tydelig framstår som markedsføring. Ved muntlig markedsføringshenvendelse
til en forbruker skal en næringsdrivende straks presentere seg og opplyse
forbrukeren om at henvendelsen skjer i markedsføringshensikt.

Coca Cola si reklamekampanje er fordekt reklamekampanje, og det går ikkje
tydleg fram at det er marknadsføring, og det står ikkje noko om kven som
står bak kampanja.

I tilleg finn eg dette veldig rotten strategi, sidan ein god del forum, m.a
freakforum.nu tilbyr annonseplass mot betaling. Å nytte forumet som gratis
annonsekanal blir difor i mine auge heilt på kanten av å utnytte andre sine
ressursar til å spre reklame gratis.

Freakforum, som først vart oppmerksome på fenomenet i Noreg, har ein tråd om
dette, med lsite over vevsider som har vorte plassert reklame på:
http://www.freakforum.nu/forum/showthread.php?t=72245

Dei to filmane som er reklamert for er
http://www.metacafe.com/watch/111906...ndslagstrenere
http://www.netaddict.se/player/f13100/p13135.php

Ordlyden som vert nytta på dei ulike foruma er nøyaktig lik, og dette tyder
på at dei nyttar ei form for robot for å legge ut desse innlegga, noko som
er i strid med brukarvilkåra på mange av foruma.

Eg ber difor om at de ser på marknadsføringsmetodane til Coca Cola, og får
klargjort om dette bryt med marknadsføringslova eller ikkje.
Vis hele sitatet...