Tråd: Vaksinepress?
View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av mentalmelt Vis innlegg
Foreslår at vi prøver å pense oss tilbake til vaksinesporet.
Vis hele sitatet...
Det er strengt tatt eit veldig interessant sidespor. Mennesker er elendige på risikovurderinger, og det er nok grunnen for store delar av vaksinemotstanden. Vi undervurderer daglegdagse risikoer, og overvurderer det spektakulære.

Vi er redde for flystyrt, men ikkje for trafikkulukker. Vi er redde for vaksinebivirkninger, men ikkje influensa, også viare.

Dei få alvorlege bivirkningene frå vaksiner har blitt slått relativt stort opp i media. Det er folk som har fått hjerteposebetennelse av mRNA-vaksinene - men dei har overlevd, og det er ikkje veldig alvorleg tilstand gitt behandling. Men folk har ikkje forhold til at det er bivirkninger som rammer i området ein til ti tusen eller ein til hundre tusen. Dei ser overskrifta.

Dei ser derimot ikkje overskrifta over dei som vart skadde i trafikkulukke på veg til vaksinene.

Så kan ein legge på andre tilfeller av misbruk av tal, t.d. det vanlege ropet i altieverden om at det er rapportert om x antall titusener dødsfall etter vaksina. Ja, sjølvsagt er det rapportert om dødsfall etter vaksina. Lista over bivirkninger inkluderer ikkje udøydelegheit? Folk forstår ikkje (eller vil ikkje forstå) skilnaden på kausalitet og korrelasjon. Det regner ikkje fordi folk går med paraplyer, for å sei det slik.

Så svært mykje av antivaxxerargumentasjonen spelar jo på at folk ikkje forstår statistikk. Det er nok gjennomført med overlegg frå mange som inngår i det ein vel med ein viss rett kan kalle antivaxx-ideologane.