Tråd: Theremin
View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Det kjem an på materialet. Antennene er ikkje antenner i tradisjonell forstand, men kapasitive plater som enkelt sagt utgjer ein kapasitiv sensor.

Kapasitive sensorer endrar karakteristikk på bakgrunn av dielektrikumet dei har rundt seg. Når du kjem nær utgjer er du stortsett saltvatn - som har veldig forskjellige eigenskapar frå både luft og keramikk. Keramikk er heller ikkje eit materiale, men mange. Det vil nok variere ut frå typen, og t.d. metallinnhald i leira som er brukt.

I sum: eg tippar det vil fungere, men du vil sikkert måtte justere apparatet ein del ift. å ikkje ha keramikk rundt antennene.