View Single Post
Aviser skriv ikkje om sjølvmord med få unntak. Grunnen til dette er at dei fryktar at ved å lese om det så får ein folk på lite lure idear. Trur det står nedskriven i "Vær varsom plakaten".

No er jo ikkje dette ei avis men det kan jo vere verd for dykk moderatorar å tenke gjennom kva ein har med å gjere her. Å stenge tråden samt varsle pårørande/vennar av trådstartaren ville vore ein fin ting å gjere viss dykk vil vere "politisk korrekt".

Men så er jo det dette med fri flyt av informasjon og ytringsfridom som ein må drøfte i forhald til dette.