View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Ikkje prøv på det. Du bør køyre minst mogeleg som root, og det er ingen saklege grunner til å køyre ting som skal lage lyd som root.

Problemet er kort sagt at første brukeren som logger inn på konsollet (fysisk på maskina) får rett til å køyre lyd mot hardwaren. Kun ein prosess om gangen kan gjere det. Difor starter alle fornuftige desktopmiljø ein daemon som tar imot lyd frå andre program, og sender til hardware. Om du køyrer ting som root har ikkje root samme miljø, og veit difor ikkje om daemonen som er sett opp til å ta imot lyd. Du kan løyse det ved å drepe lyddaemonen brukeren har, og starte ein som root, eller du kan innsjå at det du prøver på er lite smart, og at det ikkje er verdt å få til å funke. Eller du kan settje opp miljøet til root korrekt, slik at ting køyrt som root veit om lyddaemonen som køyrer.

At tor nekter å køyre som root er fornuftig. Tor er i heilheit userland, og det finst ingen saklege grunnar til at tor treng privilegier for å køyre.

Eg har aldri logga inn som root på nokon av maskinene eg har, og eg har aldri savna lyd for ting køyrt som root, så eg tipper du gjer ting feil...