View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Trådstarter Donor
Sitat av T3095 Vis innlegg
Problemet ligger nok i at det foreligger eksisterende rettspraksis på området, som om befatter denne paragrafen. Dette gir politet denne muligheten, utover det å bare se seg blind på paragraf 34.
Vis hele sitatet...
Joda, men om du ser litt utover at hasj er ulovleg, og alkohol ikkje er det, så vil eg påstå at nokon som røyker hasj ein gong i månaden er meir edruelege enn dei som drikk ein sekspakning kvar lørdag. Like fullt tipper eg førstnemde er meir overrepresentert enn sistnemde i beslagsstatistikken. Poenget her er ikkje at folk med rusproblem skal få behalde førerkort. Poenget er at politiet skal ikkje bruke det som ekstrastraff, utanom domstolskontrollen, slik t.d. politiet i Bergen meir eller mindre har sagt rett ut at dei gjer.

Og kort kommentar til artikkelen som har vore nemt tidlegare: det er forsvinnande liten del av dei som har mista lappen i MR som mista den på grunn av rus. Den store gruppa var sjukdom, så å vise til at å ta lappen frå dei som har rusproblem reduserer dødsulukkene er nær garantert ugyldig konklusjon. Det vil ikkje sei at heile paragraf 34 vert misbrukt, og at det ikkje finst gyldige tilfeller.