View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Telefon skal koplast på midterste pinnane i kontakten, altså pin 4 og 5. Fargekodane er for ethernet, og vanlege der er TIA-568B, men begge deler er OK så lenge det er likt i begge ender. Det står pinnenummer på printet.

Motstanden er der antakeleg for sløyfeovervaking. Det bør funke heilt utmerka utan den.

Uttaket ditt vil forøvrig ikkje vere ethernet - det vil vere Plain Old Telephone Service (POTS). DSL-modemet ditt vil ikkje bry seg om kva det er kopla til. Det er og lurt å merke det grundig, for POTS har såpass høge spenninger at ethernet-kort stortsett slutter å fungere om du prøver å kople dei til POTS.

Om du har veldig marginale signalforhold kan det vere lurt å kontakte ISPen og be dei sette ned hastigheta eit hakk eller to. Då får du bedre S/N-forhold, og kanskje meir stabil linje.
Sist endret av vidarlo; 29. desember 2016 kl. 15:00.