View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av TylerDurden777 Vis innlegg
Du får vente til man får bedre bevis hvis du ikke stoler på vitner fra militæret. Enn så lenge vil du ikke få alt på et sølvfat som du forventer.
Vis hele sitatet...
Det handler ikkje om å få ting på sølvfat. Det handler om vitenskapleg metode.

Grunnprinsippet der er ei nullhypotese, som ein så kan motbevise. Tingen er at du kan aldri motbevise aliens, gud eller andre ting - uansett kor hardt du prøver. Du kan derimot sette opp scenarioer som bekrefter aliens.

Nullhypotesa må altså vere at aliens ikkje har besøkt jorda. T.d. vil liv som ikkje har DNA vere ein ting eg vil akseptere som svært truverdig bevis på aliens; alt liv på jorda har DNA som koding av informasjon.

At aliens ikkje har besøkt jorda er mao. ei nullhypotese som kan falsifiserast. Så langt har ikkje eg sett noko som ikkje kan forklarast på andre måter, t.d. radioaktiviteten og vitneutsagna du viser til.

For ei litt grundigare innføring i temaet kan du lese denne tråden av IvIoynar som på utmerka vis forklarer temaet.