View Single Post
Om det funkar å melde seg ut via epost eller ei, har iallefall dette inspirert meg til å endeleg sende utmeldinga mi til kyrkja. Eg er ikkje døypt. Eg er heller ikkje konfirmert. Eg er 28 år gammal. Likevel står eg oppført som medlem. Eg synst dette er besynderleg. Men no skal eg iallefall meldast ut, og heller meldast inn i noko eg i det minste kan stå for sjølv. Flott tiltak! Bodskapen kom iallefall ut, om ikkje anna. Godt jobba!