View Single Post
https://lottstift.no/blog/2013/12/09...rdere-lyoness/

Lotteritilsynet skal vurdere Lyoness
Publisert: 9. desember 2013

Lotteritilsynet har opna tilsynssak mot Lyoness Norge AS for å vurdere om selskapet er ein ulovleg pyramide.

Bakgrunnen er at Lotteritilsynet den siste tida har fått tips og spørsmål frå personar som lurer på om Lyoness er ein pyramide eller om selskapet driv lovleg nettverkssal. Lynoess har tre veker på seg til å skaffe Lotteritilsynet den dokumentasjonen om selskapet som tilsynet har krav på.

I brevet til Lyoness skriv Lotteritilsynet at selskapet har ei verksemd som har visse likskapstrekk med ulovlege pyramideliknande system for omsetjing. Mellom anna har tilsynet motteke informasjon om at det kostar 20 000 kroner å bli medlem i Lyoness. Vi har også fått informasjon om at fortenesta for medlemmene i hovudsak kjem frå verving av medlemmer og ikkje frå sal av varer og tenester.

Her i landet er det ifølgje lotterilova forbode å opprette, drive, spreie og delta i ulovlege pyramidar.
Les heile brevet til Lyoness: http://lottstift.no/wp-content/uploa...755415_6_0.pdf

http://behindmlm.com/companies/lyone...investigation/