View Single Post
Shooting expert
BrageP's Avatar
289
Sitat av voktern Vis innlegg
At vi ikke er avhengige av import er jo bare tull - ref:
Vis hele sitatet...
Du må ikkje ta importtala som prov på at vi har for lite straum i Noreg. I staden må du sjå tala i samanheng med eksporten: Eksporterer vi meir når straumen er dyr ute (les: nesten alltid), importerer vi også meir når straumen er billeg ute.
Ja, vi kan øke produksjonen ved å oppgradere egen infrastruktur, men ikke så mye som du tilsynelatende tror:
Vis hele sitatet...
Statkraft seier at Noreg har eit stort kraftoverskot dei neste åra.

"Norge har et stort kraftoverskudd de neste tiårene, så langt vi ser. Det er blant annet fordi planlagt utbygd vindkraft i stor grad kompenserer for utfasingen av svensk atomkraft.

Det sier Knut Fjerdingstad, pressetalsperson i Statkraft."


https://www.naf.no/elbil/lading/er-d...alle-elbilene/

Det skulle tilsvare en økt produksjon på rundt tre prosent. Så, kanskje du heller kan forklare oss hva vi skulle gjort uten disse kablene i periodene med lite vann i magasinene?
Vis hele sitatet...
Det er nok vatn til den norske marknaden. Vi har dessutan fått 10 TWh med vindkraft, og denne delen er kraftig aukande.

Eg ringte ein kamerat som jobbar for eit kraftselskap og spurte om vêret har hatt mykje å seie for straumprisen no. Han sa kort og godt nei.

Kraftsituasjonen har samanheng med at vi er bokstaveleg tala kopla fast i kraftkrisa i Europa med kablar: Høge gassprisar, høge kolprisar, dyrare klimakvotar (som vi må betale når vi importerer straum) smittar over på den norske marknaden gjennom kablane.

Straumprisen i Midt-Noreg i dag: 20,79 øre.
Straumprisen i sør i dag: 129,32 øre.

Er du naiv nok til å tru at det har regna veldig mykje meir i Midt-Noreg i sommar?
Sist endret av BrageP; 23. oktober 2021 kl. 18:52.